Hjortebestand og forvaltning i Bremanger

Få felte vaksne bukkar i Bremanger, treng ikkje vere eit teikn på at det finst få av dei - men heller at jegerane er bevisste forvaltarar.

Få felte vaksne bukkar i Bremanger, treng ikkje vere eit teikn på at det finst få av dei - men heller at jegerane er bevisste forvaltarar. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarEg viser til reportasje i Firdaposten 19/4 der Magnus Frøyen, titulert som leiar for viltforvaltning hos Norsk Hjortesenter, ytrar seg vedrørande politikarane i Bremanger si rolle i hjorteforvaltninga og sakshandsaminga i formannskapsmøtet 6/4.

I reportasjen hevdar Magnus Frøyen at hjorteforvaltninga i Bremanger er godt dokumentert. Det er berre delvis rett. Ein har god oversikt over alder, kjønn og slaktevekt på felte dyr i kommunen. Det har ein fått gjennom rapportering frå jegerane og innsamling og analyse av kjevar. Det kommunen sin sakshandsamarar, eller fagmiljø som Frøyen representerer for den saks skuld, derimot ikkje kan dokumentere er alders- og kjønnssamansetninga blant dei attlevande dyra.

I plandokumentet som er lagt fram for politikarane vert det gjort eit stort nummer av at det vert felt få eldre bukkar i Bremanger kommune. Sakshandsamaren til kommunen forklarar det med at «det nesten ikkje fins fullvoksen hjort i bestanden». Det er etter vårt syn ein udokumentert påstand som synes å vere basert på ei stor mistyding og ei særs kreativ tolking av statistikk over alder på felte dyr. Slik vi ser det, er forklaringa på at få eldre bukkar vert felt at jegerar og grunneigarar driv ansvarleg forvaltning og helst tek ut yngre bukk framfor eldre. I tillegg har bukkekvotane dei siste åra vore svært låge samanlikna med tidlegare. Då blir det nødvendigvis heller ikkje felt så mange eldre bukkar.

Så vil nokon sikkert hevde at gjennomsnittsalder på felte vaksne dyr kan gi ein indikasjon på status og utvikling. Men faktum er at statistikken over gjennomsnittsalder på vaksne dyr viser ein jamt stigande trend frå byrjinga av 1990-talet og heilt fram til i dag, sjølvsagt med årlege og periodiske variasjonar både opp og ned. Ein slik trend passar dårleg med påstanden om at jaktutøvinga har ført til ein mangel på vaksne dyr.

Påstanden i plandokumentet som er lagt fram for politikarane om at «det nesten ikkje fins fullvoksen hjort i bestanden» kan såleis ikkje underbyggjast med fakta.

Svein Senneset, Bremanger

Andre vil kanskje trekkje fram slaktevekt for kalv og ungdyr som ein god indikator for tilstanden i bestanden. Men heller ikkje her gjev statistisk talmateriale grunnlag for å hevde at utviklinga går i feil retning. Riktignok var der var ein svakt fallande trend på 90-talet, men etter årtusenskiftet har slaktevektene vore stabile, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Forskarane ved Norsk Institutt for Naturforskning (NINA) peika på det same i ein rapport for 3 år sidan, der dei sa følgjande om utviklinga i slaktevekt og kondisjon: «...de siste 4-8 år finner vi ingen signifikant trend. De siste tre årene finner vi endatil tendenser til en svak økning i flere av regionene.»

Påstanden i plandokumentet som er lagt fram for politikarane om at «det nesten ikkje fins fullvoksen hjort i bestanden» kan såleis ikkje underbyggjast med fakta. Dermed fell også grunnlaget for dei svært konkrete forslaga til tiltak for bestandsregulering bort. Her har sakshandsamaren anbefalt felling av minimum 30% kalv og minimum 60% kalv og ungdyr samla.

Etter Forskrift om forvaltning av hjortevilt (M-478/2016) kan ikkje kommunen spesifisere uttak av fjorkolle. Det er det berre grunneigarane i vald med godkjend bestandsplan som har høve til. Det betyr at for vald utan bestandsplan (og i Bremanger gjeld det dei fleste) lyt dei nemnde minimum 60% bestå av kalv og spissbukk. Men for spissbukk har sakshandsamaren foreslått ei øvre grense på 15% av total kvote.  Altså må kommunen tildele dei fleste vald minimum 45% kalv. Det opplevde vi i fjor. Av ei tildelt kvote på 20 dyr skulle 9 vere kalv.

Ei forvaltning med slike drastiske tiltak basert på udokumenterte påstandar om status blir som om lækjaren skulle skrive resept på medisin til ein pasient utan først å ha undersøkt han og stilt ein diagnose. Dette har vi peika på i vår høyringsuttale til kommunen, og ting kan tyde på at også lokalpolitikarar som Marius Strømmen har sett seg litt inn i saka og funne behov for å justere både mål og føreslegne tiltak.

Vi vil hevde at nøktern bruk av statistisk talmateriale kombinert med lokalkunnskap gjev det beste grunnlaget for å kunne ha ei kvalifisert meining om tilstanden og utviklinga til hjortestammen. Vi trur derfor det vil vere nyttig og verdifullt både for fagfolk, forskarar og den kommunale viltforvaltinga å lytte meir til erfaringane og observasjonane til grunneigarar og jegerar.

Forskrift om forvaltning av hjortevilt (M-478/2016) peikar på at dei kommunale måla som skal fastsetjast må vere konkrete, målbare og realistiske. Derfor er det behov for ei justering av mål og tiltak i plandokumentet som er lagt fram for politikarane.

For det første: Alder og kjønn på dei levande dyra kan ikkje dokumenterast, dette er ikkje målbare faktorar. Hjorten responderer dårleg på spørjeundersøkingar.

For det andre: Statistikk basert på felte dyr gjev ikkje grunnlag for å hevde at tilstanden er dårleg eller at utviklinga går i feil retning. Tvert om vil vi hevde at både statistikk og eigne erfaringar og observasjonar tyder på at hjortestammen i Bremanger er sunn og frisk og veksande.

Vårt forslag er at målsettinga om «auka gjennomsnittsalder på gjenlevande hjort etter jakta» vert erstatta med eit generelt ønskje om god alders- og kjønnssamansetning i bestanden. Det vil alle kunne stille seg bak. Dei øvrige måla sakshandsamaren har formulert i høve til bestandsutvikling er både konkrete og målbare, så dei har vi ikkje noko å utsetje på reint prinsipielt. Dette gjeld mål for bestandstettleik, (måleparameter: sett hjort pr. jegerdagsverk), mål for andel hanndyr i bestanden (måleparameter: sett kolle pr. bukk), og mål for utvikling i slaktevekt/kondisjon (slaktevekt samanstilt med kjevemål). Om ein har valt rett nivå på måla (til dømes maks. 1,5 sett hjort pr. jegerdagsverk) og om dei er oppnåelege får bli ein annan diskusjon.

Som tiltak for bestandsregulering foreslår vi at ein erstattar sakshandsamaren sitt forslag om høgt uttak av kalv og ungdyr, med ein meir moderat og fleksibel avskytingsprofil der ein som hovudregel held seg til ei tradisjonell 40-40-20 fordeling, med 40 % hanndyr (herav inntil 15% spissbukk, av totalt uttak), 40% hodyr og 20% kalv. Vi grunngjev dette med følgjande:

Etter Forskrift om forvaltning av hjortevilt kan ein ta ut kalv i staden for vaksne dyr. I tillegg kan såkalla bestandsplanområde (vald med godkjend bestandsplan) velje å spesifisere eit planlagt uttak av fjorkolle. Det betyr at ein med utgangspunkt i 40-40-20 modellen kan ta ut ein større andel kalv og ungdyr, dersom det skulle føreligge dokumentert behov for det eller særskilt ønskje om det frå grunneigarane si side. Samstundes vil 40-40-20 modellen gi kommunen høve til å tildele kvotar med mindre andel kalv og ungdyr til vald og bestandsplanområde der både statistikk og observasjonar tyder på at dyra er sunne og friske og har ei normal alders- og kjønnssamansetning.

Vi håpar og trur at politikarane i Bremanger vil sjå at dette kan vere ein fornuftig modell for ei meir fleksibel, differensiert og faktabasert hjorteforvaltning.

Til slutt vil vi nemne noko vi ser på som ei stor svakheit ved viltforvaltninga i Bremanger kommune, nemleg at ein ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om trekkrutene til hjorten som heile eller delar av året held til i ytre Bremanger. Sakshandsamaren til kommunen ser ut til å ha som utgangspunkt at trekkrutene går mellom indre og ytre Bremanger. Mange med god lokalkunnskap meiner derimot at trekkrutene går mellom ytre Bremanger, ytre del av Vågsøy og vidare innover nordsida av Nordfjorden. Her bør det snarast mogleg gjennomførast eit prosjekt med merking av dyr og innsamling av sporingsdata, slik at ein får eit dokumentert og faktabasert grunnlag for framtidig forvaltning.

Statistikken vi har vist til er tilgjengeleg for alle på nettsida www.hjorteviltregisteret.no.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags