«Det er ingen form for evaluering, sjølvkritikk eller læring frå hovudaktørane etter salet av Fjord1. Det gir grunn til uro.»

Kjerpeseth svarar på tiltale

Kjerpeseth svarar på tiltale Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Jan Erik Kjerpeseth svarar Sigurd Reksnes

DEL

Meiningar:Javisst har eg ein agenda. Arbeidsplassar og hovudkontor for viktige selskap på Vestlandet er noko eg er og skal være brennande engasjert i. Dette som til dømes når eg er initiativtakar til Sogn og Fjordane Næringsråd. Som den leiande banken på Vestlandet lever Sparebanken Vest i eit skjebnefellesskap med innbyggjarar og næringsliv i regionen. 

Eg opplev at svaret frå Sigurd Reksnes (Sp) understrekar nok ein gong poenget i debattinnlegget mitt: Det er ingen form for evaluering, sjølvkritikk eller læring frå hovudaktørane etter salet av Fjord1. Det gir grunn til uro.

Eg trur denne saka er så viktig at vi treng ein grundig og god debatt når vi no ser korleis det gjekk. Reksnes er i sin fulle rett til å seie seg godt nøgd med både politiske prosessar og endeleg resultat i Fjord1-saka. Mi vurdering av saka er det stikk motsette, og argumenta for dette kjem tydeleg fram i teksten eg har skrive.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er no inne i viktige prosessar knytt til framtida til Sogn og Fjordane Energi. Visjonen er å utvikle eit nytt kraftfullt produksjonsselskap på Vestlandet. Ein framtidsretta visjon ein må klare å realisere innanfor ei ramme som sikrar at ein opprettheld arbeidsplassar, kompetansemiljø og eigarskap i Sogn og Fjordane ved fylkessamanslåing.

Svaret til Reksnes gjer meg ikkje trygg på at interessene til innbyggjarane i Sogn og Fjordane vil bli betre ivaretatt neste gong store verdiar står på spel.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags