Høyr på dei unge!

Takk: Ei bestemor rettar i dette innlegget ei takk til klimakjempande ungdom som fredag gjekk til grøn streik.

Takk: Ei bestemor rettar i dette innlegget ei takk til klimakjempande ungdom som fredag gjekk til grøn streik. Foto:

Av
DEL

Debatt:Det var kaldt i vêret fredag formiddag klokka 10.00. Men med ein gong ein kom ned bakken til ungdomshuset «Haffen», høyrde musikken og las alle fyndorda, kom ei varm kjensle innvendig.

Her var det nokon som ville noko!

Her var det nokon som meinte noko!

Sjølvsnikra plakatar og sjølvsnikra rim som «Redd klima, vi har ikkje mange tima!» og «Jorda vår blør, vær så snill å hør!» saman med «Rosene var raude, fiolane var blå», var herleg å sjå. Det er tydeleg at 16-år gamle Greta Thunberg sitt standhaftige og stillferdige klimaopprør er i ferd med å forvandle seg til ei global rørsle.

I Verdens økonomiske forum i Davos tidlegare i år, sa ho: «Huset vårt brenn, og vi står overfor ein irreversibel kjedereaksjon av klimakatastrofar dersom vi ikkje handlar no. Eg er ikkje interessert i håpet dykkar. Eg vil at de skal handle. No!»

Det trengs nok ei handlingsendring hos oss vaksne òg. Det er ingen grunn for verken besteforeldre - eller foreldregenerasjonen å lene seg tilbake med tanke på kva vi altfor stilltiande har vore med på. Vi har ingen laurbær å kvile på.

Samstundes som vi prøver å gi dei unge håp, må vi i handling og ord - og ikkje minst med stemmeseddelen vise at vi bryr oss!

Kari-Ann Søreide

Vi har hatt mange tiår på oss, og har altfor lenge sagt at «klokka var fem på tolv» når det gjeld miljøet. Likevel har vi vore med på å velje politikarar til å styre som har skreddersydd ein klimapolitikk etter oljeinteressene sine ynske sidan 1980-talet. Det er ein hån mot alle dei unge menneska som no så inderleg kjempar for kloden og fryktar for framtida si!

Vi må snart begynne å innsjå at det gode liv er noko meir enn reiser, opplevingar og materiell velstand for kvar einskild. Det bør være eit liv der ein vågar å møte den dystre og oppvarma framtida med innsats og engasjement - ikkje handlingslammelse.

Samstundes som vi prøver å gi dei unge håp, må vi i handling og ord - og ikkje minst med stemmeseddelen vise at vi bryr oss!

Eg vil gi ei stor takk til Una, Dina og Thor som tok grep lokalt om aksjonen i Florø, og var med og gav oss håp. Er det tilfeldig at dei alle tre er mangeårige «Kinnaspel-ungar», som har sett kor viktig - og kjekt det kan vere å løfte i flokk?

Takk òg til dei som heldt viktige appellar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags