0 av 52 leiarstillingar i Vestland til Florø og Måløy

Jacob Nødseth

Jacob Nødseth Foto:

Av
DEL

Meiningar«Rundt to av tre leiarstillingar i nye Vestland er så langt bestemt plasserte i Bergen. – Eg fryktar at dette berre er starten, seier Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd (Ap).» (NRK Sogn og Fjordane på nett, 31. mars 2019)

35 av 52 leiarstillingar i nye Vestland fylke er plassert i Bergen, medan resten venteleg skal fordelast til Leikanger og Førde. Frå same sak hos NRK kan vi lese følgjande: «– Vi skal ha leiarar som er plasserte i heile fylket. Slik at vi har ei god merksemd mot heile framtidige Vestland fylkeskommune, seier prosjektleiar og komande fylkesrådmann, Rune Haugsdal.» 

Det største paradokset i denne saka er ikkje det som ordføraren i Leikanger trekker fram, men at det framleis er 0 leiarstillingar som blir lokalisert til Florø og Måløy. Det er positivt med ei samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland.
 

Det er derimot ikkje positivt at samanslåinga sementerer gamle feil i «Trivselsfylkjet» ved å ikkje legge regionale offentlege arbeidsplassar til næringslivsbyane våre på kysten av dagens Sogn og Fjordane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags