Med mafiastillongs og Gaularsikspens var krampe uunngåeleg

KRAMPE: På Tempopodden går det så hardt føre seg at Vårdal måtte ned med krampe.

KRAMPE: På Tempopodden går det så hardt føre seg at Vårdal måtte ned med krampe. Foto:

DEL

Etter å ha bergtatt 3 % av Florøs befolkning med debuten som podcastarar, er gutane frå Tempo tilbake med ein ny episode.

Denne gangen er Ole-Kristian gjest i studio, og deler sine erfaringa i Tempo, med mafiaen og sin forkjærleik dei alltid tidsriktige klesplagga stillongs og sikspens.

Episoden inneheld også Kristians krampeaktige debut som poet, og Benjamins forsøk på å komme i Guinness rekordbok for hyppigast bruk av ordet «yes» i ein norskspråkleg podcast.

I ein episode der 20 % måtte klippast vekk og sensuren vart tatt i bruk for første gang, tar dei også for seg Gaular fotball, kor vidt Kristoffer Booka bussbillett til Eikefjord, samt eit par tygg med humble pie etter ein reprimande frå øvste hold i Florø fotball.

Du finn podcasten på Spotify og andre podcasttenester ved eit søk på Firdaposten. Eller du kan høyre den akkurat her:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken