Få veker før lokalvalet svingar fylkestingsrepresentant Stein Malkenes storsleggja over eige parti – og særleg den sentrale leiinga i MDG.

Til NRK Sogn og Fjordane slår han fast at MDG i altfor stor grad har blitt eit hovudstadsparti, utan kontakt med og interesse for lokalpolitikarane og kva utfordringar dei står overfor i miljø- og klimakampen.

No er Malkenes så frustrert at han ikkje lenger vil røyste MDG under fylkestingsvalet, men han vil likevel gjere det under lokalvalet.

– Eg er lei av leiarane våre som grønvaskar høgreliberalistisk politikk. Eg er lei av at dei trur tekniske løysingar kan løyse klimakrisa. Dette gjer at partiet gjer grunnleggande feil verdival i store og kompliserte saker, seier Malkenes til NRK.

Han trekkjer også fram partiets val av standpunkt når det gjeld vindkraft som ein stor feil, der lokal sjølvråderett i altfor stor grad har blitt ofra.