Ein motorsyklist skal ha velta og hamna under autovernet på fylkesveg 614, melder politiet.

Ulukka skal ha skjedd ved Sørdalsvatnet, på vegen mellom Svelgen og Ålfoten.

Skadeomfanget er førebels ukjent, og naudetatar og luftambulanse skal vere på veg til Mc-føraren.

Klokka 22.06 melder politiet at tilskadekomne er frakta til Haukeland sykehus med luftambulanse.

Politiet gjer åsstadsundersøking på staden og avhøyr av vitne.

Ved midnatt er politiet ferdig på staden og vegen er opna igjen.