I dag er dei fleste hundar i Noreg merka og registrerte på frivillig basis, noko som gjer at både hundar og hundeeigarar kan identifiserast. Men styresmaktene bør gjere dette obligatorisk, meiner tilsynet , som er ferdig med å greie ut spørsmålet på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
– For å oppnå dette bør det innførast krav med heimel i matlova og dyrevelferdslova. Eit krav om merking og registrering av alle hundar kan også heimlast i hundelova, dersom politiet har behov for sikrare dokumentasjon av identiteten til hundar og hundeeigarar i saker om hittehundar og farlege hundar, skriv tilsynet.
Ei moglegheit er at staten opprettar eit nytt offentleg hunderegister, men tilsynet påpeikar at den mest aktuelle løysinga vil vere å innføre ei ordning med godkjende, private register.
Norsk kennelkllubb (NKK) har fleire gonger teke til orde for eit slikt krav og er glade for Mattilsynets tilråding. No håpar dei at styresmaktene sørgjer for at kravet blir innført.
– Vi veit at registreringssystemet til NKK har mykje å seie både i forhold til storsamfunnet, hundeeigarar og ikkje minst avl og velferda til hundane. Ved obligatorisk registrering vil desse fordelane også kunne bli gjeldande for andre hundar, seier hovudstyreleiar Tom Øystein Martinsen i NKK.
(©NPK)