Mykje av kosttilskotet som blir selt i Noreg er merkt med ulovlege helsepåstandar og medisinske påstandar, meiner Mattilsynet.

Mattilsynet har undersøkt 50 kosttilskot som blir selde på den norske marknaden. Resultatet var at ni av ti undersøkte kosttilskot var ulovleg merka med påstandar som gir inntrykk av at dei kan førebyggje, behandle eller lækje sjukdom.

– Vi har funne mange og alvorlege brot på regelverket for merking. Ingen av dei undersøkte produkta oppfyller krava i regelverket. Det er urovekkjande og uakseptabelt at verksemdene ikkje følgjer regelverket, som er der for å verne forbrukarane, seier seksjonssjef Are Tømmerberg Sletta i Mattilsynet.

Kosttilskot er ikkje medisin og skal ikkje marknadsførast med påstandar om å lindre, lækje eller førebyggje sjukdom. Det er heller ikkje tillate med påstandar som viser til tilrådingar frå bestemde lækjer, helsepersonell og liknande.

Mattilsynet har kontrollert bruken av medisinske påstandar og ulovleg bruk av helsepåstandar på produktemballasje, i marknadsføring på nettsider, i aviser, vekeblad, reklamemagasin, TV og sosiale medium.

– Marknadsføring over internett, TV og sosiale medium held fram med å auke og er stadig meir aggressiv og kynisk. Dei ansvarlege for marknadsføringa utnyttar gjerne personar som er i ein sårbar situasjon eller helsetilstand, seier Sletta.

(©NPK)