Klokka 02.08 måtte Kinn Brann og redning rykke ut for å hjelpe til ein plass i Florø.

Det hadde kome vatn inn i ein kjellar, og brannvesenet drog ut for å hjelpe til med å løyse problemet.

Det fortel 110 Vest på Twitter.

Seinare på natta, klokka 05.22, måtte dei ut i bilane igjen. Ein automatisk brannalarm via eit vaktselskap måtte sjekkast ut.

Men 05.41 konkluderte 100 Vest på Twitter med at det var falsk alarm, det var verken røyk eller eld.