Mathias Fjeld Gulliksen er på veg tilbake på fotballbana

I denne utgåva av Fotballstudio med Bengten får vi vite at Kim Solheim er godt i gang med å planlegge neste år. Og Mathias Fjeld Gulliksen kan endeleg spele fotball igjen.

DEL

Søndag er Florø tilbake på heimebane etter to bortekampar i Oslo, som begge enda med tap. Både Skeid og Vålerenga 2 blei for sterke. Skal målet for sesongen nåast, det vil seie ein topp sju-plassering, er dei nøydd til å plukke mange poeng framover. Mot Senja på søndag er det ikkje noko anna enn siger som er godt nok.

I Firdaposten og Florø Fotball sitt studio før kampen har Bengt Solheim Olsen fått med seg sjefen sjølv, Kim Solheim, og den uheldige Mathias Fjeld Gulliksen. Han kom til Florø på lån før sesongen, men brakk beinet og har ikkje vore tilgjengeleg for laget. Det er ikkje mange vekene sidan Solheim meinte han ville vere ute resten av sesongen, men her kan Gulliksen røpe at han er klar for å spele fotball igjen.

– Fysioterapeuten har gjett grønt lys for at eg kan spele dei siste femten, så no er det opp til Frode (Nybø) om han vil bruke meg, seier Gulliksen, som er glad for at han endeleg kan leike seg med ballen igjen.

Panelet er elles innom førebuingar til neste år, kampane mot Skeid og Vålerenga, Kim Solheim si utilgivelege Eidsvoll-tabbe, og sjølvsagt Premier League-starten som berre er nokre timar unna.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken