Blir nokon sjuke av mat kjøpt frå ditt kjøkken er du ansvarleg

Heimelaga mat kjøpt privat kan vere ei super løysing når ein ikkje har lyst å stå på kjøkkenet sjølv.

Heimelaga mat kjøpt privat kan vere ei super løysing når ein ikkje har lyst å stå på kjøkkenet sjølv. Foto:

MAT OG DRIKKE: Du kan godt lage mat på ditt eige kjøkken og selje vidare, men det er ditt ansvar at ingen blir sjuke av maten.

DEL

Høgsesongen for konfirmasjoner og selskap står for døra og mange tilbyr freistande, heimelaga mat på Facebook og andre stadar på nettet. Mange let seg freiste, heller enn å sveitte på kjøkkenet sjølv. Heilt greitt, seier Mattilsynet, så lenge ein tar nokre forholdsreglar og følgjer krava i regelverket.

Planlegg godt

For den som tek mål av seg til å drive catering, gjer lurt i å tenke gjennom nokre ting på førehand.

– Er kjøkkenet er hygienisk, er ingrediensane i maten er lett bedervelege, har ein nok plass i kjøl/frys til oppbevaring – slike ting, sier regiondirektør Ole Fjetland i Mattilsynet.

Alle som jamnleg sel mat fra eige kjøkken må også melde frå til Mattilsynet. Fjetland oppmodar alle som vurderer å kjøpe heimelaga mat på nettet til å spørje kvar råvarene kjem frå og hva dei inneheld - inkludert allergen. Det er ikkje lov å bruke privatimporterte råvarer.

Ikkje alle typer kjøkken og utstyr eignar seg til å lage all slags mat, når ein skal selje vidare og samstundes vere trygg på at ingen blir sjuke:

– Det er lågare risiko med å lage ei formkake enn å lage varmrettar til eit stort selskap. Den som lagar maten må tenke gjennom moglege smittefarer på kjøkkenet sitt og kva som må til for å lage trygg mat til andre.  

Hald kundane friske!

Når du lagar mat for sal hjeime hos deg sjølv bør du eigentleg tenke som om du var på kva for eit restaurantkjøkken som helst: Har du vurdert alle moglegheiter for at maten kan bli forureinsa slik at mattryggleiken kjem i fare?

Til dømes:

  • Har du godt reinhald og god orden?
  • Er det sjukdom i familien (diaré og/eller omgangssjuke) som kan føre til at virus og bakteriar kan overførast til maten?
  • Nysgjerrige barn som har lyst å vere med å lage mat?
  • Kjæledyr kan vere ein risiko fordi de kan overføre smitte til maten. Unngå at kjæledyr kjem inn i lokalet der du lagar mat.
  • Du bør også vurdere om du har behov for å legge til rette for eit eige rom der du kan jobbe uforstyrra og åtskilt frå smittekjelder.

Her finn du ytterlegare vegleiing og regelverk.

Artikkeltags