Sel du fisk og skaldyr på nettet? Då kan du få svi

FORSIKTIG MED SAL: Både Fiskeridirektoratet og skattemyndigheitene kan bite frå seg viss dei oppdagar folk som sel fisk og skaldyr, slik som til dømes hummar og krabbe, på nettet utan løyve.  ARKIVFOTO.

FORSIKTIG MED SAL: Både Fiskeridirektoratet og skattemyndigheitene kan bite frå seg viss dei oppdagar folk som sel fisk og skaldyr, slik som til dømes hummar og krabbe, på nettet utan løyve. ARKIVFOTO. Foto:

Av
DEL

FIRDA: – All omsetnad av fisk og skaldyr skal skje via eit salslag, skriv Fiskeridirektoratet onsdag på si Facebook-side.

Dei har bite seg merke i at mange sel heile eller deler av fangsten sin via kjøp- og salssider på mellom anna Facebook.

– Det kan verke uskuldig, men samla sett utgjer dette eit stort problem, seier direktoratet.

Det er usolidarisk overfor yrkesfiskarar som skal leve av det, men ikkje minst er det også straffbart å omsetje fangst utan å melde frå til skattemyndigheitene.

Skattefuten kan som kjent vere ganske så hard i klypa. Den som skal omsetje fangst må vere registrert i det såkalla Kjøperregisteret som Fiskeridirektoratet administrerer, skriv Firda.

– Vi ønsker at folk skal kunne fiske i sjøen, men berre til eige hushald, skriv direktoratet.

– Eitt års fengsel for tjuvfiske er ikkje nok

Her tjuvfiskar turistane. To timar seinare blir dei tatt på fersken


Artikkeltags