Fredag er det eitt år sidan Russland gjekk til åtak på Ukraina – ein krig som har ramma Ukraina med ein kraft vi ikkje har sett maken til i Europa på fleire tiår. På europeisk jord må vi tilbake til 2. verdskrigen for å finne noko som liknar med tanke på talet på døde sivile og militære.

Dagen blir markert over heile landet, også i Bremanger. På søndag håpar sokneprest Dag Leirvik at flest mogleg vil ta turen til Frøya kyrkje i anledninga.

– Kommande søndag vert det ei markering i Frøya kyrkje av at det no er eit år sidan Russlands invasjon av Ukraina. Olga og Dima Dogot som er frå Kyiv og Ukraina blir med, det er ei sterk oppleving når dei to syng den Ukrainske nasjonalsongen, seier Leirvik.

Leirvik fortel at på Pelagia i Kalvåg jobbar det både polakkar, russarar og ukrainarar i lag – i fred. Fabrikksjef Per Røys stiller i kyrkja denne søndagen for å halde ein appell.

Det blir sanginnslag ved jentene Silje Opheim og Astrid Marie Frøyen. Kantor Jarle Grotle vil leie musikken og Leirvik sjølv vil løfte fram håpet om at russarar og ukrainarar snart må sleppe krigens redslar. Håpslys vil bli tent i globen og bøn om fred blir løfta fram.