Westcon har vunne ny kontrakt

Edda Fides - i dokk på Westcon Yards

Edda Fides - i dokk på Westcon Yards Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Skipsverftet i Florø skal bygge om eit subseafartøy for Dof.

DEL

Etter mykje jobb og i hard konkurranse med andre verft har Westcon Yard Florø vunne kontrakt med DOF på ombygging av subseafartøyet MV Skandi Darwin. Det melder Maritim Forening Sogn og Fjordane.

Jobben går ut på å bygge ein innreiingsmodul med nødvendig stålutrusting, installasjon av elektro- og røyr / ventilasjon, innreiing av nye lugarar og kontor.

Det skal også byggast ROV-hangar, og subseafartøyet skal få installert nye offshorekrane, nye livbåtar, LARS/ROV utstyr i ROV-hangar og få diverse oppdateringar med nye røyrsystem til f.eks Fi-Fi, antiheeling, smørolje- og fuel systemer, ferskvatn- og sjøkjølesystem.

Dette er eit omfattande og hektisk prosjekt som skal starte umiddelbart. Skipet skal leverast tilbake til kunde i midten av juni 2017.

- Dette er gode nyheiter for Westcon Yard Florø, men vil også skape ringverkingar for lokale bedrifter. Ei slik kontrakt vil innebere utlysing av arbeid både på innreiingspakken, stålbygging og diverse utrusting, melder Maritim Forening.

Artikkeltags