Firda: Ho er frå Bremanger, men dei 12 siste åra har ho budd i Bergen. Med ein mastergrad i teatervitenskap frå Universitetet i Bergen i ryggsekken, har ho dei siste fem åra jobba ved Den Nationale Scene. Der har ho jobba som inspisient, som er ein slags produksjonsleiar.

No flyttar ho heim igjen for å jobbe som produsent for Førdefestivalen.

– Eg har hatt lyst til å flytte heim ei stund no, men i den bransjen eg jobbar i er det ikkje alltid stillingar som er noko for meg i heimeområdet. Derfor har eg sete litt på gjerdet og venta på ei gyllen moglegheit, som eg no fekk, seier Mulelid.

– Spent

Det er ikkje første gong ho prøver å vende heim igjen. På hausten i 2020 jobba ho ein periode som hotelldirektør ved Bremanger Fjordhotell.

No ser ho fram til flytte heim att igjen, og til ein jobb innanfor det ho brenn for, kulturproduksjon.

– Det eg gler meg mest til akkurat no er å treffe mine nye kollegaar. Og så er eg veldig spent på å få begynne å jobbe med festivalen som skal vere no i sommar. Eg gler med veldig til å gjennomføre den neste festivalen, det trur eg blir spennande, seier ho.

Stillinga ho skal inn i er det festivalen tidlegare kalla arrangementsansvarleg. Men no har stillinga eit namn som passar betre til arbeidsoppgåvene, nemleg produsent.

– Hovudsakleg får eg ansvar for planlegging av arrangement som skjer under festivalen, og oppfølging med dei ulike samarbeidspartnarane. I tillegg er det kontakt med dei ulike artistane og aktørane, og planlegging av andre prosjekt vi har gåande igjennom året, seier Mulelid.

Pendlar til Førde

Mulelid er frå Midtgulen, som ligg om lag 20 minutt frå Svelgen.

– Så får vi sjå om pendlinga går greitt, eller om eg skal finne meg ein plass å bu i Førde. Det er om lag 50 minutt kvar veg til Førde, seier ho.

Ho har første arbeidsdag i Førde 6. desember, og siste arbeidsdag i Bergen berre tre dagar før.

– Då blir det flyttehelg. Akkurat no verkar det litt mykje på ei helg, men eg trur det skal gå fint, eg må berre planlegge godt.

Det var 17 søkarar på stillinga.

– Vi er svært glade for at Marion Mulelid har takka ja til jobben som produsent. Med henne på laget får Førdefestivalen ein dyktig medarbeidar med mykje erfaring frå kulturproduksjon. Vi gler oss til å ta imot henne, seier festivaldirektør Sølvi Lien i ei pressemelding.