Nær 5000 utøvarar, fordelt på 13 forskjellige idrettar, deltek denne veka i Pre Games Special Olympics i Berlin. Norge har utøvarar i handball og ridning, og Kinn har med to utøvarar som spelar på det norske handballandslaget. Maria Krogh frå Florø og Thea Korsvold frå Måløy
Pre Games Special Olympics 2022 er «testleikar» til World Games, som skal arrangeras til neste år, også det i Berlin.
– Dei første dagane har det vore velkomstdagar, der vi skal bli litt kjend i Berlin og kulturen her. Søndag var det ein fantastisk åpningsseremoni som blei avslutta med eit forrykande fyrverkeri. I sjølve turneringa skal vi møte tre tyske lag frå ulike regionar, samt Danmark. Danmark tapte vi mot i Abu Dhabi under førre Special Olympics, så her håper vi på revansje, fortel inkluderingsansvarlig i Norges Håndballforbund, Eva Skei, som er med som leiar i Berlin.
Norge spelte sin første kamp tysdag, mot Wiesel Damenteam, tysdag ettermiddag. Den kampen vann Norge med 8-7.
Torsdag spelar dei to kampar. Den første mot Danmark, og der blei det tap 5-9. I den andre slo dei tilbake med ein imponerande 15-5 siger over Turnado Girls frå Tyskland. Her kom heile seks av spelarane på scoringslista.
Fredag spelar dei to kampar. Vi skal oppdatere saka med resultat så fort vi får dei.