Laurdag kveld måtte politiet i Florø rykkje ut, etter at det kom meldingar om at ein mann truga tilfeldige forbipasserande med kniv.

I forkant av desse hendingane skal mannen ha slege til ein annan person i bukollektivet der han hadde adresse, før han forlot bygget.

– Det blir jobba med å avhøyre vitne til hendinga no. Vi har også avhøyrt og skal avhøyre fleire av dei fornærma i saka, seier etterforskingsleiar Kåre Toreid til Firdaposten.

Den mistenkte gjerningsmannen er derimot ikkje avhøyrt enno.

Ifølgje operasjonsleiar Eivind Hellesund ved politiet sin operasjonssentral, var det fleire unge personar som blei uroa av hendinga:

– Det var nokre mindreårige i området som fekk seg eit støkk. Han kom brått på dei, og dei blei skremt. Då politiet kom til staden er mannen svært aggressiv, og truga politiet med kniv, sa Hellesund til Firdaposten laurdag kveld.

Ifølgje etterforskingsleiar Toreid skal mannen som er mistenkt i saka, vere kjend for politiet frå tidlegare.

Aggressiv mann trua politiet med kniv i Florø

Travel natt for politiet i Florø