Kva skal vi kalle han? Halvard Husefest Lunde? Artist? Musikar? Forfattar? Teiknar? Kunstnar? Moromann? Alt passar, men ingenting famnar heilt?

Sama kva vi vel å kalle han er det ikkje nokon tvil. Lunden er ein bauta i det lokale kulturlivet, alltid med fleire jern i elden. To år med pandemi har ikkje lagt nokon dempar på det. Snarare tvert i mot. For på sosiale medium har vi snappa opp at det er noko nytt og spanande på gang. «Livet i låglandet» har han kalla det. Ein musikal som er bygd på tekstuniverset til Andreas Engebø.

Gymlærar Lunde

Vi treff Lunde over eit par koppar kaffi i urbane omgjevnadar på Bolette ein ettermiddag. Lunde er då ferdig på jobben som gymlærar i Naustdal, og har tid til ein prat om musikalen.

– Eg har jobba med den dei siste to åra, det er heile koronatida det. Det er tekstar av Andreas Engebø, som eg har samla og laga musikk til. Konsertversjonen av musikalen skal vi spele i Kulturlåven på Svanøy den 14., 15. og 16. juli i år, seier Lunde.

Det blir lagt opp slik at folk på fastlandet kan ta båten fram og tilbake, og få med seg dette ambisiøse prosjektet. Håpet er sjølvsagt at det blir fulle hus, for dette er eit prosjekt som har blitt til utan hjelp eller støtte frå dei som strør pengar utover det norske kulturlivet. Det er gymtimane i Naustdal som finansierer moroa.

– Det har blitt slik at det er dei kunstnarane som er gode på å skrive søknadar som får støtte. Eg er ikkje så veldig god på det, innrømmer Lunde.

Men søkt om støtte har han. Kulturrådet har fått ein søknad, men ifølge Lunde fall dei ikkje for ideen. Utan at det betyr at kampen om midlane er over. Lunde har ikkje tenkt å gje seg. Håpet er at framføringa av musikalen i konsertversjon kan skape meir interesse, at musikken kan leve vidare, og at nokon vil ta tak i det slik at det ein gong blir ei skikkeleg musikalframføring ut av det.

Sterkt lag

Om ikkje Kulturrådet har tent på ideen er det andre som er langt meir positivt innstilt. Erlend Ona Gjul og Henriette Hatlevoll har takka ja til kvar sin rolle, og blir med på konsertversjonen. Dei får dekka utgiftene sine, men kan truleg sjå langt etter tariffløn i denne omgang. At dei har takka ja til å bli med er stor stas, seier Lunde.

– Erlend er fylket si fremste musikalartist. Han har spelt Che Guevara i «Evita», både Judas og Caiafas, dei to feite rollene i «Jesus Christ Superstar», og Von Trapp i «Sound of Music». Henriette er vokallærar på kulturskulen i Hyllestad og Fjaler. Musikar, songpedagog og særs kompetent. Det hjelper veldig å få dei med, så kan no eg gå der og harke, smiler han.

Frida Leknes, kjend mellom anna frå Selvik-prosjektet, er også med på moroa, i ei rolle ho i grunnen har laga sjølv.

– Ho spelar ei ung jente, og så mykje empati har eg ikkje at eg klarte å skrive den rolla. Så Frida har lagd den rolla sjølv. Ho er brennande engasjert i Natur og ungdom, problemstillingane dei er engasjerte i, og kva verd vi overlét til dei oppveksande generasjonar. Men først og fremst er ho ei glitrande songar, slår Lunde fast.

– Kva handlar musikalen om?

– Den handlar om tre generasjonar i ein familie, og korleis ein lever med utfordringane som følger med når ein eig eit lite småbruk. Du har ho mor sjølv, som har vore med å brote denne garden. Sonen som vil selje ut til tomter og utbyggjing, og så har du barnebarnet som er opptatt av dei verdiane som ligg i den friske lufta og naturen.

Sunnfjords Johnny Cash

I dette utgangspunktet er det lett å sjå at det ligg ei kime til konflikt. Andreas Engebø, som altså står for tekstane her, har vore med på prosessen heile vegen, og hadde klare føringar for korleis han ville at dette skulle vere. Men i august i fjor døydde den tidlegare læraren, idrettsutøvaren og forfattaren. Arbeidet med musikalen held fram med støtte frå den nærmaste familien.

Halvard Lunde blei kjend med Andreas Engebø då dei budde i same hus i Holmedal. Eit vertikaldelt hus for lærarane ved Holmedal skule. Om Andreas sat ute i hagen, kom ofte den då fem-seks år gamle Halvard bort for å høyre røvarhistorier. Det var starten på eit langt venskap.

– Eg begynte å tonesette tekstane hans då eg budde i Bergen, med Gråbein-plata. Vi har halde kontakt heile tida.

– Kva er det med tekstane hans som treff deg? Som gjer at du brukar så mykje tid på å lage musikk til dei?

– Dei er veldig «sunnfjordske». Det er nesten noko Johnny Cash-autentisk over dei. Han er einsam, men stolt og sterk. Så handlar det om makt og avmakt. Musikalsk har eg prøvd å ta det litt vekk frå bluegrassen. Det er eklektisk popmusikk. Eg blandar litt, og så er det litt gjenbruk frå både Foggy Few og Vikingblod.

Smakebit på Spotify

Førebels ligg låta «Massey Mazurka» ute på Spotify og andre strøymetenester, som ein liten smakebit på kva som er i vente. Planen er å sleppe ein låt i månaden framover. Om planen held vil alle songane til slutt utgjere eit digitalt album, som då vil vere klart til sommaren 2023.

Vi kryssar fingrane for at det blir ein dundrande suksess, og at vi på eit tidspunkt får oppleve musikalen slik den er meint å framførast.