– Politiet søker etter ein eldre mann på 89 år, som har forsvunne frå sjukeheim, meldte Vest politidistrikt på Twitter om lag klokka halv ti på kvelden.

Mannen har kort grått hår, og hadde på seg ei slags dressbukse og rutete t-skjorte.

– Om nokon ser vedkommande, så ring 02800, eventuelt 112, oppfordrar politiet, som hadde varsla varsla frivillige for å assistere i søket.

Oppdatering: om lag klokka 21.45 melder politiet at mannen er komen til rette, i god behold.