FIRDA: Klokka 01.42 natt til laurdag rykte politiet ut til melding om to menn som krangla utanfor ein restaurant i Florø sentrum.

– Det var like før dei barka fysisk saman, seier operasjonsleiar Tore Andre Brakstad laurdag morgon.

Då patruljen kom til staden, retta den eine mannen sinnet sitt mot politiet. Han skal ha slått og sparka mot to av betjentane, og forsøkt å skalle til ein tredje, seier Brakstad.

– Patruljen prøvde først å løyse situasjonen ved å vise dei bort frå staden, og i samband med dette vart den eine personen aggressiv og valdeleg mot patruljen, og kom med truslar. Men ingen skal ha vorte skada, seier han.

Vedkomande, ein mann i førtiåra, vart til slutt teken med av patruljen og sett i arrest. Han vert meld for hendinga.