Gå til sidens hovedinnhold

Mann slegen bevisstlaus utanfor pub i natt

Det gjekk hardt føre seg i Måløy natt til tysdag.

Kvart over to i natt fekk politiet melding om slagsmål i Måløy.

Bråket skal ha skjedd utanfor puben Jibben, melder Vest politidistrikt på twitter.

Ein mann skal ha enda med å blitt slegen bevisstlaus. Han kom etter kvart til medvit igjen og blei frakta til legevakta i Nordfjordeid.

Politiet som kom til staden omtala mannen som "godt forslått", og dei vil no etterforske korleis og kvifor dette utarta, og kven som var involvert.

Kommentarer til denne saken