(Firda)

Fredag kveld var det stor leiteaksjon i Gulen etter at ein båt vart funnen gåande rundt i ring. Etter tre timar med leiting vart ein mann funnen og flogen til Haukeland sjukehus.

Mannen vart erklært død på sjukehuset kort tid etterpå, melder Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Politiet har ingen grunn til å tru at noko straffbart har skjedd.

Pårørande er varsla.