Gå til sidens hovedinnhold

Mann med øks følgde etter jente med barnevogn: «Eg skal drepe deg»

Ein mann i 40-åra må møte i retten etter å ha drapstrua fleire personar med øks i Florø.

For abonnentar

I slutten mai i fjor opplevde fleire florøværingar det som kanskje framstår som utenkeleg i ein liten norsk småby.

På høglys dag dukka det opp ein mann i 40-åra, væpna med øks, og med ei framferd som var skremmande.

Først banka han på ruta til eit husvære, og då han fekk merksemda til ekteparet i huset, ropte han at han skulle drepe dei.

Dei same truslane fekk ei jente som var ute og trilla den sju månader gamle veslebror sin i barnevogn. Det enda med at ho sprang så fort ho kunne frå staden.

Mannen blei til slutt pågripen av politiet. Då han skulle setjast i arresten i Florø, truga han ein politibetjent med at han skulle «ta han med kickboksing».

Når mannen snart møter i tingretten for å svare for brotsverka sine, er økse-episodane dei mest alvorlege. Men han er også tiltalt for å ha køyrt moped medan han var rusa på medikament ved fleire høve; først to gonger hausten 2020 og deretter to gonger våren 2021.

I tillegg til å ha avlagt blodprøver som avslørte spor av ulike preparat, var han også rusa på alkohol.

I det grøvste tilfellet hadde han ein promille på 1,2.

Kommentarer til denne saken