Trass livreddande førstehjelp frå brannvesenet omkom éin mann etter brann i eit hus i Olden i Stryn kommune i natt. Det stadfestar politiet klokka 09.10 torsdag morgon.
Mannen sine pårørande er varsla.
Naudetatane fekk melding om brannen i ein einebustad Fjordvegen i Olden rett etter klokka to. Både mannen og kvinna som bur i huset klarte å kome seg ut av den brennande huset.
Det vart sett i gang livreddande førstehjelp med ein gong naudetatane nådde fram til det brennande huset, men mannen døydde av brannskadane.
Kvinna vart flogen til sjukehus med luftambulanse.
Bustadhus totalskadd i brann Olden, luftambulansen henta skada person
Det brann i begge etasjane i huset.
– To personar var inne i huset då brannen starta, ein mann og ei kvinne. Dei klarte å kome seg ut sjølv. Då brannvesenet kom til staden starta dei sløkking og livreddande førstehjelp på mannen. Kvinna er flogen til sjukehus med luftambulanse. Huset er totalskadd, og brannvesenet jobbar med ettersløkking. Årsaka til brannen er ukjent. Åstaden blir undersøkt i løpet av torsdag, skriv operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt i ei pressemelding.
Brannen starta ifølge politiet i kjellaren, og det vart meldt om opne flammar. Brannvesenet begynte ved 03.30-tida å få kontroll på brannen i første etasje, medan det framleis brann i andre etasje.
Fylkesveg 60 Fjordvegen som går langs Muristranda i Olden var stengt i fleire timar på grunn av brannen og redningsarbeidet. Vegtrafikksentralen opplyser at vegen opna igjen ved 04.30-tida.
Politiet har ikkje fått undersøkt åstaden enno, og brannårsaka er førebels ikkje kjent. Saka blir etterforska av lokalt politi i Stryn.