Mann i 40-åra teken med amfetamin i Eikefjord

Onsdag kveld oppdaga politiet i Eikefjord ein mann som oppførte seg mistenkeleg.

DEL

FIRDA: – Mannen prøvde å gøyme seg frå politiet då dei reagerte på merkeleg oppførsel, opplyser operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Tatiana Knappen.

Dei oppdaga mannen klokka 21.10 onsdag kveld i Eikefjord.

Då dei fekk kontakt med mannen i 40-åra, fann dei narkotika av typen amfetamin i umiddelbar nærleik til personen.

Han vart sett i arresten, og det blir oppretta sak på forholdet, opplyste politiet.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags