Mann i 30-åra gjekk amok på privatfest i fjor. No er han tiltalt for grov vald

Foto:

DEL

Ein mann i 30-åra står i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for ein grov valdsepisode som hende under ein privatfest i Kalvåg i januar i fjor.

Klokka seks laurdag morgon 27. januar 2019 fekk politiet melding om at mannen oppførte seg truande. Ein halv time seinare vart det meldt at mannen hadde teke fram ein kniv han hadde truga med.

Ifølge tiltalen skal mannen ha forsøkt å stikke ein annan mann i ryggen med kniven, men mannen hadde unngått dette og forsvarte seg med armen. Det førte til at han blei kutta i to fingre.

Han skal også ha slege ei kvinne i ansiktet, og teke tak i skjortekragen til ein tredje og halde han fast. I tillegg er han tiltalt for skadeverk, då han knuste eine ruta i altandøra.


Artikkeltags