FIRDA: Hendinga fann stad søndag 2. oktober i år, der ein bil skal ha køyrt gjennom eit gjerde og ut på eit jorde i Redal i Naustdal. Ei kvige blei funnen død nokre meter framfor bilen. Airbagen var utløyst og føraren hadde stukke frå staden.

Køyrde på ku I Naustdal, bil med utløyst airbag står forlaten på jorde

Erkjenner ikkje straffskuld

Etterforskingsleiar i Førde, Oda Thorstad, seier politiet no er ferdige å etterforske saka.

– Vedkomande som vi har mistenkt, erkjenner ikkje straffskuld for å ha køyrt i påverka tilstand eller for å ha køyrt på kviga. No er det opp til påtalejurist kva som skjer vidare, seier Thorstad.

Politiet har avhøyrt den mistenkte mannen, og har også snakka med vitne og gjort undersøkingar av åstaden. Det blei også tatt blodprøver av føraren, som syner at vedkomande var ruspåverka, seier Thorstad.