Gå til sidens hovedinnhold

Mange utan straum på Reksta

I augeblikket veit ein ikkje kvar feilen ligg.

Måndag opplevde straumkundar, både på Reksta og Kinn, at jordfeilbrytaren deira slo ut i tid og utide. Sidan det gjeldt fleire husstandar på to øyar, var det nærliggande å tru at var noko feil på linja, snarare enn hos dei enkelte straumkundane.

Kommunikasjonsansvarleg Jannicke Lindvik hos Linja fortel at det var ein brytar på Trolleskjæret som hadde feil i går kveld, og at dette forårsaka eit kortvarig straumbrot i dei aktuelle områda då. I dag tysdag er i midlertid 90 kundar på Reksta utan straum, opplyser ho.

– Det blir jobba med å lokalisere feilen no, seier ho til Firdaposten klokka 10.42.

Oppdatering 15.56: Feilen blei funnen på Kinn, og kundane har fått tilbake straumen. Lindvik opplyser at feilen også kan ha påverka jordfeilutslaga folk fekk måndag og natt til tysdag.

Kommentarer til denne saken