Mange i karantene i Bremanger

Ordførar Anne Kristin Førde i Bremanger.

Ordførar Anne Kristin Førde i Bremanger. Foto:

– Vi per i dag ingen innbyggjarar som har fått påvist koronasmitte, men vi har etter kvart mange i karantene, og dette talet endrar seg frå time til time.

DEL

Det seier ordførar Anne Kristin Førde (Ap) i Bremanger. Med ei aldrande befolkning fokuserer Bremanger særleg på å trygge risikogruppene.

– Vi vil i perioden framover høgst sannsynleg måtte redusere aktiviteten i kommunen ytterlegare, då dei som skal ivareta dei sjuke også kan bli sjuke. Derfor er vi avhengig av at alle som er friske kan stille opp for kvarandre, understrekar ho.

Som kommune har Bremanger arbeidd med å kartlegge kva dei har av tilgjengeleg personale, og korleis omdisponere personalet på best mogeleg måte. Mange av våre tilsette står på døgnet rundt og gjer ein formidabel jobb for at vi skal halde hjula i gang. Eg oppmodar deg dersom du anten er helsepersonell eller kan vere ein ressurs på andre måtar, om å ta kontakt. Kanskje kan du utføre arbeid for oss?

Ho opplyser at innbyggjarar som kjem i karantene/isolasjon og ikkje har pårørande eller naboar som kan hjelpe, kan få hjelp frå Frivillig-sentralen. Dei har oppretta samarbeid med Svelgen- Bremanger Røde Kors og daglegvarebutikkane. Bringing av mat og medisinar kan ordnast.

Ho rosar dugnadsviljen:

–I Bremanger er vi kjende for å ta godt vare på kvarandre og det er eg trygg på at vi skal klare i tida framover også.

Artikkeltags