Ive Van Oorschot (18) frå Davik har ei av hovudrollene ved årets musikal på Firda vgs. Ho er tredjeklassing på musikklinja ved skulen, og er godt i gong med øvinga til musikalen som skal visast fram.
– Denne musikalen tar opp mange spesielle tema som kanskje ikkje er like framståande i dag. Haldningar knytt til krig og den frie fredselskande tankegongen til hippiane. Det gjer det heile til ein morosam og spesiell oppleving å vere med på, seier Ive, og smiler.
For det er ein musikal som speler på alle strengane i kjenslelivet.
– De kjem forhåpentlegvis til å le, kanskje grine litt og, seier ho.
Alle med på alt
I musikalen jobbar alle musikk, dans, og drama (MDD) elevane på Firda på tvers av klassane. Alle er spesialisert innanfor sitt felt, men for dei som kjem får også høve til å sjå musikkelevar vere skodespelare, og dramaelevar danse.
– Samarbeidet har fungert ganske bra, sidan vi kjenner kvarandre og vi er ikkje redde for å prøve nye ting saman. Det har vore litt utfordane å finne tid på tvers av linjene ettersom vi har forskjellige timeplanar, men vi får det til å fungere, seier Thea Louise Esp (18) frå Eikefjord.
Thea Louise går dramalinja på Firda vgs., og det har inspirert ho mykje.
– Eg har lyst å gå vidare med teater i framtida, så det å ha vore med i ein musikal har bydd på fleire utfordringar og erfaringar som eg vil ha mykje nytte av vidare, nemnar Thea Lousie.
At det er eit fellesprosjekt på tvers av linjene, er også sosialt byggande for skulemiljøet.
Ein ting er at alle jobbar saman for eit godt resultat og ei god førestilling, men ein får også ei ny forståing for sine medelevar og kva kvalitetar og evner dei bringar til prosjektet.
Borgar Bjarkason, elev på musikklinja Firda Vgs.
– Det har vore veldig morosamt å jobbe slik. Vi kan le saman når vi gjer feil, og det er godt å vite at alle er i same båten, legg Ive til.
Styrer tangentane
Borgar Bjarkason (18) frå Bremanger er ikkje skodespelar i musikalen, men ein av dei mange musikarane som sit i bandet. Han har spelt klassisk piano i åtte år, har spelt rytmisk piano i to år, og har planar å studere musikk i framtida.
– Som musikar er det veldig mykje å lære av slike produksjonar. Ein må ofte endre på ting litt i siste liten, og ein blir nøydd å vere konsentrert på alt som skjer rundt seg heile tida, seiar Borgar.
Og han reklamerer for prosjektet han no er ein del av.
– Det blir ei stor oppsetting og ein flott musikalsk oppleving, der dokke vil sjå alt frå krig, fridom, seksualitet, død og fordervelse, som utgjer ein veldig menneskeleg historie med mykje artig og flott musikk.
Spleisar elevane
Toleransen som kjenneteikna hippie- kulturen og ungdomsopprøret i samband med Vietnam-krigen, er tema i «Hair». Den er ikkje mykje annleis frå den vi ser i trygge Norge, ei heller på Firda VGS, skal vi tru 18-åringen Bjarkason.
– Miljøet på Firda er generelt ganske godt. Eg vil tru dei fleste elevar kjenner seg velkomne her, og det blir brukt tid på at elevane skal få bli kjent med kvarandre. Det er eit tolerant miljø, uansett kven du er, uansett kvar du kjem frå og uansett dine interesser, poengterer Bjarkason.
Han meiner musikalen spleisar elevane frå Musikk, Dans og Drama på fleire plan. Ein ting er at alle jobbar saman for eit godt resultat og ei god førestilling, men ein får og ein ny forståing for sine medelevar og kva kvalitetar og evner dei bringar til prosjektet. Ein musikal er ein relativt stor oppsetting, med mange utfordringar og opplevingar, difor blir det desto meir givande for dei forskjellige linjene å sjå at dei fungerer godt saman.
– Eit slikt fellesprosjekt er ei fin oppleving å dele med medelevane og det hjelper å spleise dei forskjellige linjene saman slik vi no gjer, avsluttar han.