Mange er utan straum på grunn av uvêret, og ikkje alle får den tilbake i kveld

DEL

Laurdag har utvikla seg til ein utfordrande dag for montørane til SFE. Mange abonnentar er utan straum i deg ettermiddagen er i ferd med å bikke over til kveld, og vêret gjer det vanskeleg å få reparert det som har gått gale.

Oppdatering: Litt over klokka 23.00 laurdag får vi ein statusrapport frå kommunikasjonssjef i SFE, Jannicke Lindvik.

- Dei som er utan straum no er 250 hus og hytter på strekket frå Fløholm til Veiesund. Nytt mannskap er på plass og jobber med saken. Elles er Barmen utan straum. Seljeøya er utan straum, og i Øygarden er det no berre Kvanhovden fyr som ikkje har straum.

Forsyninga til Kvanhovden fyr blir liggande ute til over helga.

På sine nettsider melde SFE at feilen på trafostasjonen på Nesjane tek lenger tid å reparere enn det dei først trudde. Kundar i området Nesjane-Kvalsvik er utan straum medan SFE jobbar med eit trafoskifte.

Det skal ha vore lynet som har sett trafostasjonen ut av spel.

Oppdatert status her er at anlegget til trafoen på Nesjane er så defekt at abonnentane no får straum frå aggregat, og slik vil det vere til over helga.

Ute i øyane er det også mange som er utan straum.

Området Hovden – Batalden – Vevlingen – Skorpa og Fanøy i Kinn er framleis utan straum. Grunna uvêr kjem dei seg ikkje ut med båt for å forsyne kundane med aggregat. Det betyr at dette området truleg vil vere utan straum fram til i morgon.

På Reksta og Kinn er dei også utan straum. og her har montørane oppdaga ein ny feil som gjer at straumbrotet vil ta lenger tid enn det dei først trudde. Her har dei folk som jobbar med saka, så det kan vere håp om at straumen kjem tilbake i løpet av kvelden.

Det er altså no berre Kvanhovden fyr som ikkje har straum i Øygarden.

Området Fløholm – Veiesund – Stavøy og Alvern er også utan straum. Her er det uvêret som har skulda. Montørar er på plass og jobbar med å rette feilen.

Her jobbar dei framleis for å finne feilen. 250 hus og hytter er utan straum klokka 23 laurdag kveld.

Også på Seljeøya i Stad er straumen vekke for nokre kundar, etter at uveret har sett ein trafo ut av spel. Her ser det ut til at straumen blir borte til i morgon.

SFE vil oppdatere sine driftsmeldingar fortløpande.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken