Gå til sidens hovedinnhold

Mange eldre blir utsette for overgrep

Mange eldre som bur på sjukeheim, opplever å bli utsette for overgrep av ulike slag, viser rapport.

Det er forskarar ved NTNU som i eit stort prosjekt har sett søkjelys på vald mot eldre på sjukeheimar. I rapporten, som blei ferdig i vår, kjem det mellom anna fram at eit fleirtal av pleiarane har utøvd ulike former for overgrep mot dei eldre dei skal ta hand om, fortel forskingstidsskriftet Gemini.no

Bebuarane har ifylgje tidsskriftet også blitt utsette for vald frå pårørande og andre eldre dei bur saman med.

Overgrepa fordeler seg på fleire kategoriar. Forsømming og psykisk vald toppar statistikken med høvesvis 46,9 prosent og 40,5 prosent, medan 9,6 prosent av overgrepa dreier seg om fysisk vald.

Opplysningane har allereie fått politiske følgjer. Tidlegare i vår vedtok Stortinget å be regjeringa om å få på plass ei meldeplikt for mistanke om vald og overgrep mot eldre og eigne retningslinjer for korleis ein skal handtera slik vald.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken