Ein sjekk NRK har gjort på Finn.no viser at dei dyraste hundane der no er ulike puddelblandingar. Til dømes må du no betale meir for ein kvalp som er blanding mellom labrador og puddel, enn ein reinrasa labrador.

Blandingshundar, som til dømes cockapoo og labradoodle, tilfredsstiller ikkje kravet for å bli registrert i Norsk kennel klub (NKK). Likevel er folk villige til å betale det kvalpen kostar. I enkelte tilfelle kan det vere meir enn 40.000 kroner.

– Kvalpar frå dei vanlegaste rasehundane ligg mellom 20.000 og 25.000 kroner, alt etter kor populære og ettertrakta rasen er, seier Edgar Waag i NKK til NRK.

I tillegg spelar utstillingsresultat, titlar på kvalpane sine foreldre og rasepopulariteten inn.

Veterinær og dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Åshild Roaldset, seier blandingshundar statistisk sett er friskare enn rasehundar.

– Det viktigaste er at begge foreldra er friske, uansett om det er blanding eller rein rase.

Roaldset legg til at innavl er eit stort problem blant fleire reinrasa hundar og at det derfor kan vere betre å betale litt for ein frisk blandingshund. Veterinærutgiftene kan bli høge dersom hunden blir sjuk.

(©NPK)