Trefte parkert bil med brøyteplogen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

I natt klokka 01.56 melde ein brøytebilsjåfør frå om at han ved eit uhell hadde kome bort i ein parkert bil i gate 1 i Måløy. Så pass kraftig blei det at det blei litt skade både på plogen og privatbilen. Det er ikkje meldt om personskade eller at trafikken blei hindra på noko vis. Forholdet blir ordna opp i mellom partane i ettertid, melder Vest politidistrikt.

Problemstillinga er velkjend og ofte er det store utfordringar for brøytemannskap å rydde vegane for snø når det er mange parkerte bilar i vegkanten.

Artikkeltags