Razzia mot båt med underbetalte sjøfolk

Artikkelen er over 1 år gammel

 Sjøfartsdirektoratet har gått til aksjon mot den Bergens-registrerte lastebåten «Ottar».

DEL

Det er avdekka ei rekkje alvorlege feil og manglar på båten. Sjømannsforbundet meiner mannskap om bord frå Filipinane går på tilnærma slaveløn. Dette melder Fiskeribladet.

Sjøfartsdirektoratet slo alarm etter at dei og Sjømannsforbundet fekk tips om den over 40 år gamle båten, som tidlegare bar namnet «Isleifur» og då vart brukt som fiskebåt.

To filipinske menn har fått beslaglagt passa sine og det er konstatert at dei hadde ei løn på 9000 kroner per månad.

Rune Larsen i Sjømannsforbundet fortel at det er snakk om sosial dumping og at dei to filipinske i mannskapet ikkje hadde arbeids- eller opphaldsløyve i landet.  Båten ligg til kai ved sildoljefabrikken til Pelagia i Deknepollen. Den skal vere lasta med fiskeavfall som vert brukt til fôr i oppdrettsnæringa.

Det er avdekt 31 avvik på det tekniske ombord og det er også påvist at norske mannskap er betalt under gjeldande tariffar. Båten får førebels ikkje segle vidare.

Reiarlaget Havsula Invest AS avviser sosial dumping, og viser til at lønningane i kontrakten ikkje gir eit rett bilde fordi det kjem tillegg som også er nedfelt i kontraktene med mannskapet.

- Maskinistane har minst det tredoble i lønn samanlikna med det som blir hevda frå Sjømannsforbundet, seier Odd Økland i rederiet Havsula Invest AS.

Artikkeltags