Kronprinsparet til Måløy

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit kjem til opninga av Måløyraidsenteret.

DEL

Torsdag 23. august kjem kronprinsparet til Måløy. Dei kjem på besøk i samband med den offisielle opninga av Måløyraidsenteret.

Senteret skal presentere den dramatiske historia frå 2. verdskrig, med det første fullskala kombinerte angrepet der marinen, flyvåpenet og kommandosoldatar angreip samstundes. Måløyraidet, med kodenamn «Archery», var ein av seks slike angrep.

Måløyraidsenteret skal vere eit krigshistorisk informasjons- og dokumentasjonssenter. Det har fleire avdelingar som er delt inn i ulike tema, og krigshistoria er rikt dokumentert med film, lydopptak, dokument, bilder, lukt, gjenstandar og modellar.

Her kan ein mellom anna lære meir om offiseren og motstandsmannen Martin Linge sitt liv, frå oppveksten til han mista livet under Måløyraidet. Kompani Linge utførte mange tøffe og hemmelege operasjonar, sabotasjer og spionasjer i Norge under 2.verdskrig.

Artikkeltags