Måløy Vekst krev ny anbodsrunde for opplæringsfartøy så raskt som mogleg

INGA TID Å MISTE: Fylkesrådmannen sin bråstogg på konkurransen for å få bygt nytt opplæringsfartøy til Måløy vidaregåande, må i gang att så raskt som mogleg, seier Måløy Vekst-leiar Randi Humborstad.

INGA TID Å MISTE: Fylkesrådmannen sin bråstogg på konkurransen for å få bygt nytt opplæringsfartøy til Måløy vidaregåande, må i gang att så raskt som mogleg, seier Måløy Vekst-leiar Randi Humborstad. Foto:

FLORØ: Ein har inga tid å miste, og ein ny anbodskonkurranse for å få nytt opplæringsfartøy til Måløy vidaregåande skule på starte snarast, meiner Måløy Vekst.

DEL

Måløy Vekst ber fylkespolitikarane om å lyse ut ny konkurranse for å byggje nytt opplæringsfartøy ved Måløy vidaregåande skule, så snart som råd. Forrige veke vart det kjend at fylkesrådmannen i Vestland hadde avlyst den pågåande konkurransen for å få bygd nytt opplæringsfartøy ved Måløy vidaregåande skule, grunna kostnadsoverskridingar.

Nærings- og vekstselskapet Måløy Vekst har no sendt eit brev til fylkespolitikarane der dei ber politikarane snarast råd lyse ut konkurransen på nytt, skriv dei i ei pressemelding.

- På vegner av næringslivet på kysten ber vi om at politikarane i Vestland fylke vedtek snarast råd å utlyse ein ny konkurranse til bygging av eit nytt, moderne og framtidsretta opplæringsfartøy, slik at ein får dette på plass for å sikre rekruttering og utdanning av norsk ungdom til landets viktigaste framtidsnæring. Vi har inga tid å miste, skriv Måløy Vekst-leiar Randi Humborstad i brevet.

Skuffa

Humborstad vart til liks med mange andre svært skuffa då dei fekk vite at fylkesrådmannen hadde avlyst konkurransen om nytt opplæringsfartøy.

- Måløy er ei av Norges største fiskerihamner, og den største i Vestland fylke. Kommunane langs kysten av Vestland har stor sysselsetting innan marine og maritime næringar, spesielt innan fiskeri og havbruk, og dette er ei svært viktig næring langs heile kysten. Moderne opplæringsfasilitetar som sikrar attraktivitet til utdanningsprogramma er heilt avgjerande for rekruttering til utdanningane, og seinare høve til rekruttering av kompetent arbeidskraft i næringa, seier ho.

- Måløy vidaregåande skule har lang tradisjon med opplæringsprogram i marine og maritime fag, og eit kjenneteikn ved skulen er det tette samarbeidet med næringa i fylket. Næringa ser at skulen er ein god stad å rekruttere fagfolk, og stiller med praksisplassar under utdanninga og seinare lærlingplassar. Elevane på akvakultur får mykje praktisk opplæring i bedrift, og elevane på fiske og fangst får mykje praktisk opplæring på skulen sitt opplæringsfartøy Skulebas, seier Humborstad.

Måløy Vekst skriv vidare at Fagskulen maritim avdeling i Måløy, som er samlokalisert med Måløy vidaregåande skule, driv opplæring av maskin- og dekksoffiserar (styrmenn og maskinistar), og utdannar fagfolk som er ettertrakta i næringslivet.

Det hastar

- Å ha tilgang på eit opplæringsfartøy er med på å gjere skulen ettertrakta. Å ha opplæring/praksis om bord på ein båt som eit supplement til simulator er av stor nytte. Ein nyare båt vil være tilrettelagt med ny teknologi. Studentane kan dermed trene på samhandling og teamarbeid mellom bru og maskin i reelle omgivnader. Fagskulen vil kunne ta med heile klassar om bord og gi dei undervisning og praksis. Dette er ikkje mogleg per i dag, seier Humborstad.

Dagens opplæringsfartøy, Skulebas, er over 40 år gammalt og lite eigna til utdanning av mannskap til dagens moderne fiskefartøy. Difor meiner mange det no hastar med å få på plass eit nytt fartøy, med moderne og framtidsretta fasilitetar om bord for å sikre tidsriktig utdanning.

- Vi meiner at å kjøpe eit brukt fartøy og byggje det om, som fylkesrådmannen skisserer som ei mogleg løysing, er eit dårleg alternativ. Dette vil medføre dårlegare heilskaplege løysingar, samt betydeleg dyrare drift og lågare levetid på fartøyet, seier Måløy Vekst-leiaren.

Treng berre justeringar

Humborstad seier at næringslivet har forståing for at ein i ein situasjon med tronge økonomiske utsikter må vurdere prosjekt som får høgare kostnader. Likevel ber dei om at ein no ikkje starter ein heilt ny prosjektfase for nytt opplæringsfartøy, men at ein heller gjer mindre justeringar i den allereie utarbeida kravspesifikasjonen.

- Det er mogleg å finne fornuftige innsparingar i det eksisterande prosjektet utan at ein må bruke mykje ekstra tid. Det viktigaste no er å få på plass eit nytt fartøy utan unødig opphald, avsluttar Humborstad.


Artikkeltags