Vest politidistrikt melder at eit steinras har gått over fylkesveg 571, ved Seteneset.
Ein bil skal vere treft av ein stein frå raset, men det er ikkje meldt om personskadar.
Vegtrafikksentralen er varsla om hendinga, men det er så langt ingen informasjon om korvidt vegen er stengd eller om trafikk kan passere.
Oppdatering kl. 21.38: Vegen er stengd på grunn av steinnedfall, og ein geolog er venta til staden rundt klokka 23 for å vurdere vidare rasfare.
Oppdatering kl. 07.12: Vegen er opna for fri ferdsel.