Det var Sigrid Hopen Eliasson, saman med venninnene Henriette Jagedal og Madelen Hopen som tok initiativet. Dei sakna eit tilbod for vaksne damer som ville spele fotball, og ganske snart hadde dei samla ei gruppe av fotballglade damer. Både på Facebook og i fotballhallen.

No er det sommar og graset er grønt. No har fotballdamene fått Tempo FK i ryggen, og torsdag spelte dei si første treningskamp. Borte mot Tambarskjelvar. Firdaposten var oppe i hallen og besøkte dei på den siste treninga før kampen. Optimismen var stor.

Tempo-tilbod

– Vi har trua på at vi kan bite godt ifrå oss, sa Henriette Jagedal.

Ho meinte også at dei skulle vere minst like godt, eller til og med kanskje betre trent enn Tambarskjelvar, men det fekk vi ikkje lov til å skrive. I alle høve ikkje før kampen. Men meir om den seinare. Først må vi få høyre litt om kvifor dei har valt å bli damelaget til Tempo FK?

– Dei var engasjert heilt frå starten av, og ville gjerne at vi skulle få til dette her. Så dei kom med eitt tilbod, og vi fann ut at det kunne vere greitt med litt støtte, forklarar Sigrid Hopen Eliasson.

Difor er det Tempo si kvite og raude drakt dei tek på seg når Firdaposten ber om eit lagbilde. Det er tolv spelarar til stades på treninga denne dagen, noko som er ganske gjennomsnittleg frammøte, seier Eliasson.

– Vi er rundt 42 medlemmar i Facebook-gruppa vår, så er det varierande kor mange som er på trening. Vi er vanlegvis mellom åtte og fjorten som er med og spelar.

Seriespel er målet

Målet er å kunne bli med i seriespelet til kretsen, men hittil har dei ikkje vore stabilt mange nok på trening til at dei har funne det forsvarleg å melde på eit lag. Om du har lyst til å spele fotball med Tempo-damene er det trening kvar onsdag, og du er hjarteleg velkommen til å hive deg med.

– Vi håper å få med fleire. Både tilflyttarar, den eldre garde, eller yngre spelarar som er interessert. Vi har med folk som er frå 14 til 50 år gamle, så det er plass til alle som vil spele fotball, forsikrar Eliasson.

Dei samarbeider godt med Florø Fotball, og det er fleire jenter som speler aldersbestemt fotball for Florø som også er med og trener med Tempo FK. Ingen av klubbane ser på det som noko problem. Målet er at samarbeidet kan utviklast vidare, og at Tempo kan ha eit tilbod til seniorar som berre vil spele på hobbynivå, men også til dei litt yngre som har eit ønske om å satse litt meir seriøst.

Tok Tambarskjelvar

Men vi må tilbake til kampen mot Tambarskjelvar. Laget frå Naustdal har litt den same historia som Tempo-damene. Dei starta som ein vennegjeng som berre ville spele litt fotball. No har dei eitt lag, og er med i seriespelet for i sjuarfotball. Det skulle gjere ein viss skilnad i starten av kampen.

– Det var tydeleg at dei hadde meir kamptrening enn oss. Vi trengde første omgamg til å få til eit samspel og få ting til å klaffe, skriv klubben sjølv på Facebook.

Men dei brukte pausen godt. Fekk meir og meir kontroll på kamen, meir fart på ballen og scoringane rant etter kvart inn også. Begge vegar. Tambarskjelvar var oppe i 4-1, men dei raude og kvite nekta å tape. Dei fekk 5-5, og til slutt var det Tempo som vann kampen med 6–5.

Framleis utan tap altså. Imponerande. Tok dei Tambarskjelvar på kondisjonen?