Frå Raudt ute til venstre, til Frp ute til høgre – og med KrF og Senterpartiet midt i mellom. Slik blir den nye valtekniske koalisjonen som fire parti i Kinn kommune no har skrudd saman.
Det er Fjordenes Tidende, gjennom eit intervju med Raudt-representant Geir Oldeide som søndag melde nyheita om det nye samarbeidet.
Oldeide strekar under at samarbeidet er eit grep partia tek, for ikkje å bli ribba for utvalsposisjonar inn mot det komande kommunestyremøtet på tysdag.
– Det er ikkje snakk om at vi skal finne noko felles politisk plattform. Dette samarbeidet er av rein valteknisk art, seier Oldeide, som legg til at grepet dei no gjer, nok vil gjere det vanskeleg for både SV og MDG å kapre noko posisjonar av betydning.