Gå til sidens hovedinnhold

Malakoff hever aldersgrensa på campane til 18 år

Artikkelen er over 3 år gammel

Denne veka starta billettsalet til Malakoff 2018. Skal du bu på campane må du hugse legitimasjon.

Malakoff stenger ikkje dørene for dei som er under 18. På festivalområdet vil dei framleis ha fri aldersgrense, og transportordninga heim frå festivalen, til store deler av fylket vert vidareført. Men skal du på festivalcampen, eller på lavvocampen må du heretter vere over 18 år. Dette er etter tilråding frå politiet, skriv festivalen på nettsida si. Det vil si at du må vere fylt 18 år for å komme inn på campen.

2017 var det første året Malakoff køyrde med tre konsertdagar, og sidan det vart rekordbesøk med 27 500 besøkande, blir den tredje konsertdagen vidareført i 2018.

Hittil har arrangørane annonsert at stonerrockarane i Thulsa Doom, og poppunkarane i Sløtface, samt sogningen Kjartan Lauritzen skal spele på Malakoff i 2018. Fleire artistar blir lagt til seinare.

Kommentarer til denne saken