Gå til sidens hovedinnhold

Magnus (26) frå Svelgen vil inspirere ungane på Forskarfabrikken sin sommarskule

Viss du trur barnet ditt ville synest det var spennande å bygge sin eigen solcellebil, teste ut metodar for å reinse vatn, eller knekke kodar og lage maskiner av resirkulert emballasje, så kan det vere at Forskarfabrikkens sommarskule er midt i blinken.

Der får nemleg barn mellom 9 og 12 år prøve seg som forskarar i ei heil veke, og det er framleis nokre ledige plassar.

Prøver noko nytt

Magnus Myrhol (26) frå Svelgen er ein av dei ungane vil møte på sommarskulen. Utgangspunktet er å få fleire elevar interesserte i realfag, men i år er vi også i ein situasjon der mange elevar har mist verdifull læretid på grunn av pandemien. No er håpet at gode sommarskuletilbod skal gi ny inspirasjon og kunnskap.

– Vi ser at det å gå på sommarskule har ein langvarig positiv effekt, forklarar «fabrikksjef» Hanne S. Finstad i ei pressemelding.

Sjølv har Magnus brukt å ha sommarjobb på Elkem Bremanger når han kjem heim til Svelgen frå studia i Oslo. Han siktar på å bli lektor med matte og fysikk, og har no eitt år igjen.

– I år hadde eg lyst å prøve noko nytt, og helst finne ein jobb som var relevant for læraryrket. Då var Forskarfabrikken midt i blinken! Eg gler meg til ei givane veke med mykje forsøk, utprøving og realfagleg moro, skriv han i ein epost til Firdaposten.

Forsking viser at tilbod som sommarskule motverkar læringstapet mange barn får gjennom ein lang ferie, kanskje spesielt barn som ikkje opplever så mykje nytt i ferien. Forskarfabrikken har som mål å gi alle deltakarane både fagleg og sosial input. På Sommerlab blir realfag gjort til praktiske fag der barna får utforske og eksperimentere ute og inne heile dagen. Magnus meiner realfag er viktig for å forstå verda rundt oss.

– Og i tillegg er realfag viktig for å komme opp med og ta i bruk ny teknologi som kan bidra til å hjelpe samfunnet framover.

– Prøv realfag

Forskarfabrikken trur behovet for folk som kan og vil jobbe med realfag vil halde fram å auke. Samstundes ser ein at det er vanskeleg å rekruttere unge til realfagsstudier, og sidan 1998 har vi hatt eit eige senter som jobbar med dette - Nasjonalt senter for realfagsrekruttering. Magnus trur det kan ha ein del å seie at realfaga er fag som mange opplever som vanskelege.

– Elles er det jo ein del som har sikta seg inn på kva dei vil, og difor ikkje treng å ta realfag. Eg vil likevel anbefale det, ettersom det opnar mange dører og er veldig spennande. Eg håar iallfall å kunne inspirere elevane som kjem på kurs i sommar til å bli glade i realfag!

Finstad fortel at dei opparbeidde seg gode rutinar for smittevern under fjorårets Sommerlab, som dei dreg nytte av i år.

Årets sommarskule vil finne stad første veke av sommarferien på Florø barneskole.

Forskerfabrikken

Forskerfabrikken AS er ein sosial entreprenør som jobbar for at barn skal bli meir interessert i realfag gjennom morosame og inspirerande fritidskurs og sommerskuler. Sommerskulen er eit populært tilbod i skuleferien over heile landet. I 2018 hadde Forskerfabrikken 5500 barn fra 5. til 7. klasse på 234 sommerskoler i heile Norge, med tilbud frå Mandal i sør til Longyearbyen i nord.

Kommentarer til denne saken