Arbeidet med å få gjenopna Fylkesveg 614 over Magnildskaret til Svelgen, pågår framleis. Vegen har vore stengd sidan raset blei meldt like før klokka ti måndag føremiddag.

Måndag blei det meldt at ei vurdering av gjenopning skulle skje klokka ti tysdag.

No melder Statens vegvesen at denne vurderinga er utsett til klokka 11 tysdag.

Omkøyringsalternativet no er Fv 614 Stårheim-Isane, sørover på E39 til Førde og vidare på Riksveg 5 i retning Florø.