På nytt er ei av kjempene i Norsk friidrett gått bort. Ved Magne Føleide sin bortgang, kan ein trygt seie, det var ein person som brann for friidretten. Lokalt, så vel som på regionalt, nasjonalt og internationalt plan.

Magne døydde den 15. oktober, og vart gravlagt frå Florø kyrkje den 21. oktober. Det var ei spesiell vakker pynta kyrkje, der blomsterhavet i haustens fargar spegla av kva årstid vi var i.

Når ein omtalte Magne Føleide, så var det sjølvsagt Magne, sleggekastaren, frå Føleide. Når eg voks opp på Jølster etter krigen, visste ikkje eg kva ei slegge var for noko brukt i friidretten. Eg forbant ei slegge med ca. 0,9 meter langt treskaft, med ein utruleg tung jarnklump i enden. Lite eigna til å snurre rundt med og kaste på indre bane. Men tung for ein ung gut i 10/12 års alderen, som skulle vere med å bryte opp jorda på småbruket på Skreslåttene på Skei etter krigen.

Eg vart aldri sleggekastar. Men etter kvart som eg tok til å konkurrere på friidrettsbana, på mellomdistansane 800 og 1500 m. vart eg først kjend med Magne. Ein skikkeleg rørsleg kar, som ruva på indre bane, på friidrettsanlegga rundt i fylket.

Han var i norgestoppen i sleggekast i åra frå 1954 til 1973. Han var tre gonger norsk meister og hadde totalt 18 medaljer frå NM. Han representerte Vereide IL, IL Norrøna og Florø Turn- og idrettsforening. Hans beste resultat var 63,58 meter, sett under eit stemne i Tresfjord den 4. juli 1970.

Magne vart sjølv trenar innan friidrett, etter endt karriere, og har blant anna trent utøvarar som Jostein Aukland, Ole Aukland og Steinar Kleppe. Magne har vore ein markant skikkelse i friidrettsmiljøet i Florø, og har hatt stilling som lærar ved Flora vidaregåande skule i mange år, til han gjekk av med pensjon. Begge døtrene til Hjørdis og Magne Føleide; Marianne og Eli var også habile friidrettsutøvarar. Eg veit at dette var til stor glede for foreldra.

Magne var flink til å få med born og unge, til å ta til med friidrett. Han fekk dei ikkje berre med, men han fylgde dei opp med trening og gode råd. Ei lita historie som viser dette som Ove Farsund fortalde. Det hadde vore ein skulekonkurrane mellom vidaregåande skular, der Ove som var aktiv lengdehoppar, hadde delteke i lengde. På bussen heim, var det ein som pikka Ove på skuldra. Det var Magne som sa til Ove. «Du som har slik god spenst, du må ta til med sleggekast». Slik vart det: Ove trappa ned lengde og tok til med slegge, og Ove kvitterte med å ta krinsrekorden i slegge ifrå Magne.

Hadde Magne ført dagbok over alle timane/dagane og åra han hadde lagt ned med trening av dei unge, så hadde det vorte ein tjukk protokoll.

I 1982 vart arbeidsutvalet ved styret i Sogn og Fjordane Friidrettskrins lagt til Florø, der eg var då ny tilsett forretningsførar. Det var Odd Linseth som tok over som leiar, etter Johan H. Heir, som reiste frå fylket. Magne Føleide, nestleiar og Audvin Guddal, medlem.

Audvin Guddal var ein sann slitar for friidretten, og hadde mange oppgåver for krinsen og ikkje minst på det lokale plan i Florø turn og idrettsforening. Han var ikkje den som stakk seg fram, men arbeidde i det stille. Eg hadde mykje godt samarbeid med han. Han gjekk også bort i april dette året. Takk for godt kameratskap og samarbeid Audvin.

Det var eit godt arbeidsutval desse tre utgjorde i Friidrettskrinsen: Odd Linseth, Magne Føleide og Audvin Guddal. No er dei alle tre borte i løpet av knappe 6 månader. Ein gjer seg visse tankar når ein har hatt så nært forhold til alle desse tre personane.

Det var ikkje alltid at det var full einigheit i styret i Friidrettskrinsen, slikt er vel naturleg, i ein demokratisk organisasjon. Magne var ein spøkefugl. Det er fortalt meg, utan at eg veit om det er sant. Men då Magne var 50 år vart det sendt han ein blomsterhelsing. Då han såg kva den var i frå, sa han: «Dinna er no sende med tre mot to stemmer.»

Ove Farsund fortalde meg på veg til gravferda til Magne. Det var ein gong han skulle på NM i friidrett til Trondheim, men vart forseinka, og nådde ikkje flyet i Florø som hadde teke av. Det vart oppretta kontakt med flyet, og flykaptein Odd Linseth, snudde, og tok med Ove til NM. Ove meinte Magne var og om bord, og hadde nok hatt eit ord med i snuoperasjonen.

Snakk om godt kameratskap.

Hjørdis og Magne Føleide utgjorde eit godt team når det gjalt friidrett, og eg meinar at Hjørdis var med på stort sett alle stemna, så langt tilbake som eg kjende henne. Hjørdis og eg hadde mange gode samtalar på tribunane på friidrettstemna. No er både Hjørdis og Magne borte. Marianne og Eli har fått eit stort tomrom, men dei har gode minner å ta vare på etter foreldra. Ei familie, som ein kan kalle ei ekte friidrettsfamilie.

Eg takkar for følge, og gode minner, både til Hjørdis og Magne og let att minneboka.