Lastebilen som køyrde av vegen og velta ved Svarthumle mellom Eikefjord og Naustdal i morgontimane onsdag ligg framleis i vegkanten langs Riksveg 5.

No melder Vegtrafikksentralen at det er planlagd berging av bilen seint i kveld, og at vegen då vil bli stengd i to timar utover natta.

– Bilbergar planlegg berging av vogntog ca. midnatt i dag onsdag, og då kjem vegen til å bli stengd i om lag to timar. Vogntoget er ikkje til hinder for trafikk slik det står no. Vegtrafikksentralen vil oppdatere saka, skriv dei på Twitter.

Det har vore trafikkdirigentar på staden medan det har blitt jobba med å flytte varene i bilen over til ein ny lastebil.

Bildeserie

Sjå bilda: Slik gjekk det med varene