Gå til sidens hovedinnhold

Må sone seks månader for to slag

Artikkelen er over 1 år gammel

Slaga ikkje var uprovoserte, kom retten fram til.

Ein mann frå Florø stod i starten av desember tiltala for to tilfelle av vald.

I februar skal han ha slege til ein annan mann med knytt neve fleire gongar, slik at denne fekk hjerneristing, eit blått auge og hevingar i ansiktet. I september skal han igjen ha slege til ein mann, som ende opp med brot i nasebeinet og tre sprokne tenner – ei av dei med fraktur inn til nerven.

Mannen kjende seg skuldig under rettsforhandlingane, og aktor la ned påstand om sju månader i fengsel. I tillegg meinte aktor at mannen skulle betale sakskostnader. Bistandsadvokaten til den eine mannen bad om han fekk erstatta tannlegeutgifter på vel 8000 kroner og ei erstatning på opp til 70.000 kroner.

Mannen var påverka av alkohol under begge hendingane. Han og ein kompis var ute på pub, då dei møtte fornærma. Etter kvart vart dei einige om å reise på nachspiel hos tiltalte. Her fekk dei selskap av tiltalte sin romkamerat, som var edru.

Tiltalte og fornærma har ulike forklaringar på kva som vidare hende – tiltalte forklarar at fornærma blei stadig meir høglydt og trugande. Han og romkameraten prøvde å få fornærma til å forlate husværet, og då dei til slutt forsøkte å fysisk dra han ut dørene, heldt han seg fast i dørkarmen. Til slutt slo tiltalte fornærma i ansiktet med knytt neve, slik at han svima av. Fornærma på si side forklarar at slaga frå tiltalte kom heilt uprovosert, og at han sat i sofaen då tiltalte slo han tre gonger. Han kom seg tilbake til hotellet der han budde og ringde etter ambulanse då han såg dei omfattande skadane han hadde fått i ansiktet.

Romkameraten si forklaring samanfall i stor grad med tiltalte si: At fornærma blei stadig meir hissig og trugande etter som han drakk, og at slaget fall då dei forsøkte å få fornærma ut av huset. Retten meiner det dermed er bevist at tiltalte slo éin gong, ikkje tre.

Tilfellet i september handlar også om eit nachspiel. Her stod tiltalte og den fornærma på trappa for å ta ein røyk. Også her er forklaringa ulik mellom tiltalte og fornærma. Tiltalte forklarar at han bad om å få kjøpe kokain av fornærma. Det blei avslått, med kommentaren «Sorry, eg sel ikkje til pussies.» Det provoserte tiltalte, og han bad fornærma gjenta det han hadde sagt. Det gjorde fornærma, og fekk eit slag i ansiktet.

Ifølge fornærma åtvara tiltalte han mot å selje kokain fordi dei var på «hans område». Han skal så ha bede om å få kokainet fornærma hadde, og då han nekta, slo tiltalte til han. Begge har forklart at det var ein tredje person til stades under hendinga, men politiet har ikkje lukkast i å finne vedkommande. Retten er likevel ikkje i tvil om at tiltalte reint faktisk slo fornærma i ansiktet med knytt neve.

Retten fall ned på at ingen av tilfella handla om uprovosert vald. I ein samrøystes dom blir tiltalte dømt til fengsel i seks månader, sakskostnader på 2000 kroner og ei samla erstatning til den siste av dei to fornærma på 52.690 kroner – 40.000 av dette er oppreisingserstatning.

Kommentarer til denne saken