I kommunestyremøtet i Kinn denne veka fekk ordførar Ola Teigen (Ap) kritikk for sine meir eller mindre morsomme kommentarer til representantane under møtet. Morten Hagen (H) ba ordføraren slutte med dette. Må Ola Teigen rett og slett roe seg kraftig ned? Det er spørsmål podcastpanelet stiller denne veka.
Jakta på byens beste burgar held fram. Denne gongen er det hamburgarane frå Kafe Kandis og Amanda Grill som blir testa av panelet, og der burgar-testarane tidlegare har vore ganske einige, er det denne gongen mykje sprik i meiningane.
Så er vi sjølvsagt innom kva som har vore dei mest leste sakene i Firdaposten den siste veka, og Fredrik Helland rasar mot dei butikkane i Strandgata som allereie har pynta til jul.
Podcasten kan du høyre her. Du finn den også på Spotify og andre podcast-tenester.