Ein mann i 40-årene frå Kinn kommune er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel for ruskøyring og avlytting av ekssambuaren.

Det var i januar i fjor at mannen tok seg inn i ekssambuaren sin bustad og monterte avlyttingsutstyr på toppen av eit skap, utan at eksen visste om det. Deretter gjorde han hemmelege opptak av samtalar ho hadde med andre.

Retten såg det som skjerpande at romavlyttinga ikkje berre ville fange opp ekskjærasten sine samtalar, men også barna og moglege besøkande sine.

– Handlinga blei gjort i heimen til ekssambuaren, ein stad der ein skal kunne kjenne seg trygg. Dei personlege forholda står sterkt i saka, meinte retten.

Avlyttingsutstyr av den typen som blei brukt er lett tilgjengeleg, lett å montere og kan vere vanskeleg å oppdage. Handlinga står fram som ein betydeleg identitetskrenking, og allmennpreventive omsyn taler difor for at det blir reagert med ein følbar straff, meinte retten.

Mannen var også tiltala for ruskøyring med fleire barn i bilen. Det var ein vårkveld i fjor sommar at han vart stansa av politiet, og teken med for prøvetaking.

Det vart teke blodprøve av mannen ein halv time etter bilkøyringa, og prøven viste at mannen hadde verkestoff frå både amfetamin og ulike roande narkotiske stoff i blodet. Til saman samsvarte påverknadsgraden ein alkoholpromille på over 1,2.

Sogn og Fjordane tingrett konkluderte med ein straff på 60 dagar i fengsel, der 30 av dagane vert utsett med ei prøvetid på to år. Vidare fekk mannen ei bot på 50.000 kroner. For ruskøyringa med barn i bilen misser han retten til å køyre bil i to år, og må avlegge full, ny førarprøve for å få tilbake førarretten.

Retten påpeika at både avlyttinga og ruskøyringa kvar for seg kunne kvalifisert til fengselsstraff. Om lag 60 dagar for avlyttinga, og ca. 30 dagar for ruskøyringa. Men i straffeutmålinga var det fleire forhold som gav mannen strafferabatt. At han tilstod og samtykka til tilståingsdom, gav han ein strafferabatt på om lag 25 prosent. I tillegg har saka blitt liggande i rettssystemet, noko han ikkje kan skuldast for. Dette kom han også til gode i straffeutmålinga.