Gå til sidens hovedinnhold

Lynnedslag starta grasbrann

Klokka 15.46 fekk naudetatane melding om at lynet hadde slått ned i Endestadvegen i Eikefjord og starta ein grasbrann.

Det var i nærleiken av eit hus, og omfanget på brannen var ukjend, skrev Vest Politidistrikt på Twitter.

– Lynet slo ned og starta ein grasbrann på eit område på 5 gonger 7 meter. Men dei som var på staden gjorde ein god innsats for å hindre at det spreidde seg. Brannen er no sløkt, og brannvesenet er på staden og driv med etterkontroll, fortel vakthavande på 110-sentralen i Bergen.

Kraftig regn i området gjorde også sitt til at brannen blei sløkt ganske raskt.

Kommentarer til denne saken